Dokkhuset Scene Torsdag 18 sep kl. 20:00
Billetter

Trondheim Jazzforum – Cortex & Hedvig Mollestad

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007, med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks.

Thomas Johansson – trompet,
Kristoffer Alberts – saksofon,
Ola Høyer – bass,
Dag Erik Knedal Andersen – trommer
+ Hedvig Mollestad – gitar

Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

Med seg har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.

Billetter: 220kr ordinær/ 170kr student / 100kr Trondheim Jazzforum-medlem.

Konserten er støttet av Kulturdirektoratet og Trondheim kommune.